Vi har ein rik kulturarv i Stad kommune, og kvar bygd har sine spesielle kulturminne som er omtala i dei to kulturarvplanane. På sikt vil desse bli samla i eit plandokument for Stad kommune.
https://www.facebook.com/kulturarvenistad/
Dei utvalde kulturminna i Eid er
- Veganlegget gjennom Hogaåsen og vidare.
- Gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen på Myklebust.
- Bautasteinane på Naustdal.
- Kyrkjestadane Eid og Stårheim.
- Steingardar som eit typisk kulturminne.
- Gardane på Åsane: Spesielle kulturmiljø og kulturlandskap.
- Setrane i kommunen.
- Fjordhesten: Rasen har eit vern av status som urhest og er av nasjonal verdi. www.norsk-fjordhestsenter.no
- Båtstøene og naustmiljøa, som td. Årdalsvika.
- Kulturlandskap, som td. Orheimsvika.
- Den gamle postvegen over Brekka.
- Kraftverket ved Kviafossen i Eidselva.
- Kulturmiljøet ved Yris hotell.
- Holmøy Arbeidsskule med tilhøyrande kulturmiljø.
- Eidsgata/Tverrgata og Myklebustgardane.
- Eksersisplassen med tilhøyrande anlegg som skytebana på Vårsetra.
- Lag- og organisasjonslivet
Dei utvalde kulturminna i Selje er:
- Selja kloster
- Kyrkjene og kyrkjegardane i Selje, på Stadlandet og i Ervika
- Prestegarden i Selje
- Kongshaugen og området kring korset på Dragseidet
- Gravrøyser og runesteinen på Barmen
- Molo og naust i Hoddevika, på Fure, Drage og i
- Røysetstranda
- Sjøbuder Barmen/Svinevika, naustmiljøet ved Selje kyrkje
- Krigsminna på Hovden og Storeneset
- Bygningsmiljø i Korsen
- Klyngetunet på Fure
- Keila på Flatraket
- Budene/gamle hus i Selje sentrum
- Grytting naturminne
- Helleristinga på Drage
- Kongevegen over Mannseidet
- Ferdselsvegen over Dragseidet
- Postvegen over Berstadeidet
- Kulturlandskapet Hoddevik-Liset
- Kunstmålarane i Selje
- Historia til Magda på Årsheim
- Kystgeita – truga rase