Eidselva
Eidselva strekkjer seg frå Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, til Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Nordfjordeid sentrum. Her kan du kjøpe fiskekort både privat og med Eid sportsfiskarlag. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i ALTI på Nordfjordeid. Første fiskedøgnet i 2017 vart det teke 15 laksar mellom 5 og 10 kg.
Hjalma
Hjalma er ei mindre lakseelv som ligg ca 6 km vest for Nordfjordeid. Det er ei flaumelv som veks fort opp om det kjem eit regnskyll. Fiskekort kan ein kjøpe på sportsbutikken i ALTI på Nordfjordeid.