I Heggjabygda har kunstnar Åse Huse har eit fargerikt atelier i ei gamal grindløe og det
særeigne lokalet byr på salsutstilling av kunst, handverk og redesign. Dørene opnast for
gjestar på førespurnad og de er velkomne til å kikke, slå av ein kunstprat og gjerne gjere ein
handel. Huse tilbyr ulike kunstkurs slik at gjestane kan skape noko sjølv.
Ope atelier etter avtale.